Viser innlegg med etiketten DKL102-5 Digital arena. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DKL102-5 Digital arena. Vis alle innlegg

onsdag 11. mars 2009

Refleksjon rundt arbeid med Picasa

Då har eg endeleg fått jobba litt ekstra med leksjon og oppgåve som har vore knytt til leksjonen Digital arena 2. Den frivillige oppgåva i denne leksjonen var å gå ut i det fri og ta bilete, desse bileta skulle leggast inn i picasa for deretter å lage nettalbum med plassmarkering og eventuelt lage ein bildepresentasjon via picasa. Dette har eg då jobba litt med i dag.

Eg starta kort med å plukke ut bilete som eg sjølv har teke i ulike situasjonar. Sjølv om det i den frivillige oppgåva stod at bileta skulle takast (no), så valde eg å bruke bilete teke tidlegare. På denne måten fekk eg vise litt naturbilete frå ulike delar av landet:-)

Etter å ha valt ut bileta og lagt dei inn på picasa albumet mitt, begynte eg med å lage plassmarkeringar. Eg valde å ta utgangspunkt i det som picasa hadde tilgjengeleg, og ikkje plassmarkere bileta gjennom Google earth. Då eg skulle til å lage film/presentasjon av bileta hadde eg heilt gløymt av at eg måtte bruke Picasa 3 for å kunne gjere dette. Så når eg vart vart glup og kom på det lasta eg ned programmet. Bilda eg alt hadde lagt til i picasa nettalbum lasta eg ned til picasa 3. Herifrå laga eg presentasjonsfilmen. Eg valde å legge musikk til presentasjonen. Musikken eg valde å legge til har eg nytta tidlegare, denne musikken er henta frå ccmixter og heiter harp from nube.

Etter filmen var ferdig redigert/laga, lasta eg filmen opp i picasa nettalbum igjen. Under finn du link til album med plassmarkering og filmpresentasjonen.

Album med plassmarkeringar
Filmpresentasjon av bileta

Eg syns arbeidet med denne oppgåva har vore ganske artige (sjølv om eg rota litt med å finne ut av ting, men så handlar dette studiet om å lære nye verktøy og finne ut av ting: Ordtaket: øvelse gjer meister passar beskrivelsen av studiet:-)).

Gjennom å ha jobba med denne oppgåva har eg sjølv fått gode idear for korleis eg sjølv kan nytte dette verktøyet, og eg kan godt sjå nytteverdien av å bruke eit verktøy som dette i skulen! I eit arbeid med bilete kan ein verte utsett for å måtte redigere og lage til ulike bilete, desse bileta kan vidare verte laga presentasjonar av (slik eg sjølv har prøvd meg på), og ved å plassmarkere bileta der dei er teken må ein jobbe med kart og geografi. Arbeid med dette finn ein i samfunnsfaget. Så å jobbe med oppgåver som dette kan vere ganske relevant i ein skulesamanheng etter mi meining.

Sjølv brukte eg litt tid på å finne ut av programmet, og ikkje minst oppdage at eg mangla eit vesentleg program i skapinga av filmpresentasjonen:-) Men etter oppdaginga gjekk det ganske greit det andre. Eg sit no igjen med enda meir kunnskapar innanfor bruken av picasa, men sansynlegvis er der fortsatt ting eg ikkje veit.. men som sagt øvelse gjer mester og øvelse og bruk skapar fleire kunnskapar!

tirsdag 17. februar 2009

Utviklinga av mobiltelefonens funksjon i kvardagen til unge.

Med utgangspunkt i kapittel 2 i Tønnessens bok, har eg i dette blogginnlegget valt å legge fokuset rundt mobiltelefonens funksjon i kvadagen til dei unge og meg sjølv.

Kulturen i dag er mykje prega av framvekst av stadig fleire medier, noko som bidreg til vi alle må lære å håntere dei nye media og kommunikasjonsformene som stadig kjem til verden. Sjølv har eg gradvis vokse opp i eit miljø som har vorte meir og meir prega av dei digitale verktøya som har vorte tilgjengelege i kvardagen.

Eit av dei media eg har lagt til hjerter frå tida då eg nærma meg ungdomsskulen er mobiltelefonen. Eg husar godt då mobilen vart populær blant meg sjølv og vennene mine. Eg hugsa det var veldig spennande då eg sjølv fekk første mobilen min for hand, ein stor Motorola som vi i dag ofte betegner som ein murstein. Funksjonane på den første mobilen min, til mobilen min i dag har auka betydeleg. Mobiltelefonar har utvikla seg, og er i dagens kultur prega både av design og mykje utvikling av bruksfunksjonar.

Som Tønnessen skriv
Dagens mobiltelefoner fungerer som små potente datamaskiner som kan kobles til Internett, fungere som fotoapparat og produsere og overføre tekst i flere modaliteter (særlig skrift, lyd og bilde). (Tønnessen, 2007 s. 29).
Dette har Tønnessen heilt rett i, sjølv hugsar eg at det berre var nokon få funksjonar som kunne brukast i min aller første mobil (ringing og teksting), til dagens mobil der eg både kan sende melding som kan innehalde bilete, tekst og bakgrunnsmusikk, ta bilete, høyre på radio og musikk. Vidare har eg muligheiter for å gå på Internett og mykje anna. Eg kan godt forstå kvifor Tønnessen seier at mobiltelefonen fungerer som små potente datamaskiner. Dei er nå på ein måte dette!

Vidare seier Tønnessen at mobilen finst i hendene på dei fleste unge i dag. Dei bruker mobilen til å spele spel, halde kontakt og rett og slett fylle opp dødtida i kvardagen. Her kan eg lett finne meg sjølv igjen i. Dersom eg sitt på buss eller venter på nokon, og ikkje har tilgang til noko anna medium enn mobilen, er det ofte eg sett meg til å spele spel på mobilen, eller sender tekstmeldinger til venner.

Mobilen blir i dag brukt i alle samanhenger og er ein integrert del av kvardagen. Mobilen er eit bindeledd mellom venner og kjente, og ein kan i alle situasjoner vere i kontakt med venner, ein er berre eit tastetrykk unna.

Faren ved at ein som ungdom ikkje har mobiltelefon, ut frå Tønnessen, er at ein kan kome i ein situasjon der ein blir utestengt frå fellesskapet i vennekretsen. Sjølv hugsar eg at då mine vennar hadde fått seg mobiltelefon, og eg enda ikkje hadde fått mobil. Eg fann meg sjølv i ei stilling der eg ikkje alltid blei inkludert i det dei andre held på med. Men dette endra seg då eg også fekk mobil, eg vart då også ein del av fellesskapet...

Litt rart å tenke på eigentleg...mobiltelefon har vore ein del av livet mitt heilt sidan eg fekk mobil for første gong. Mobilen er ein integrert del av livet mitt, den er der heile tida, og dei gongane eg ikkje har han med meg, savner eg han. Det er kanskje gale å ha det på denne måten, men mobilen min er bindeleddet med resten av verden.. eller iallefall bindeleddet med familia og venner.


Litteratur

Tønnesen, E. S. (2007). Generasjon.com - Mediekultur blant barn og unge, Oslo, Universitetstforlaget.