Viser innlegg med etiketten DKL102-2 sosial web. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DKL102-2 sosial web. Vis alle innlegg

mandag 9. februar 2009

Refleksjon rundt arbeidet med M1

Då har eg jobba meg gjennom mappeoppgåva i M1 DKL102. Arbeidet med denne oppgåva har vore veldig interresang synes eg.

I arbeidsprossessen med denne oppgåva var eg ikkje heilt sikker på korleis eg skulle gå fram for å svare på oppgåva. Derfor gjekk oppgåva i lengre tid å kverna i hovudet mitt. Eit lite møte vi hadde i gruppa (DKL102) hjalp litt med arbeidet i å finne ut kva oppgåva dreia seg om, men å sette seg ned der og då og skrive etterpå var ikkje noko enkelt. Eg valde derfor å sette meg inn i leksjonar som vi har hatt tidlegare (hensyn ved publisering blant anna), og las ein del på fagpensumet for å kome fram til noko fornuftigt å skrive.

Eg starta arbeidsprosessen med å lage med eit Freemind kart der eg samla alle tankane mine om oppgåva, og kva eg måtte gjere og tenke over før levering. Inne på dette kartet laga eg enkle notat medan eg jobba med fagpensum. På denne måten vart eg betre kjent med fagstoffet, på same tid som eg då lett fekk samla inn informasjon som eg kunne bruke i oppgåva.

Denne helga har eg derfor brukt til å skrive og jobbe med oppgåva. Eg starta med det lille sum av 6000 ord med notat som eg måtte kutte ned til 1000 ord... Dette var ikkje like lett, men eg enda no opp med den mengda ord oppgåva skulle ha.

Alt i alt synes eg det var veldig spennande og interessant å jobbe med denne oppgåva. Eg måtte heile tida tenke over kva som kunne vere mest relevant i ein samanheng der trygg bruk av nett var temaet. Også i innlegget til foreldremøtet måte eg tenke ein god del, dette var ei erfaring rikare for meg. Så får tida vise om eg kom fram til noko fornuftig i mappeoppgåve 1, dette gjenstår å sjå:-) Uansett så sit eg igjen med fleire kunnskapar enn det eg hadde før eg starta... men dette er nok sikkert også poenget.

torsdag 29. januar 2009

Arbeid før samlinga

Denne veka har eg jobba med M1 oppgåva i DKL102. Eg har skrive vidare på Freemind kartet som eg har laga meg, og prøvd å sette inn pensum som kan vere relevant til oppgåva.

Ellers har eg jobba vidare med Nettsida mi, og oppdatert den og lagt inn den nye gruppa i DKL104 slik at eg lett kan halde oversikt:-)

Utan om dette har eg venta spent på pensumboka "Mediedanning og mediepedagogikk", den kom endeleg i posten i dag... so då kan eg sette meg til med oppgåva som er knytt til denne boka:-)

Ser fram til første samling om lydproduksjon. Blir spennande når vi skal til å jobbe med å lage podcast;-)

mandag 26. januar 2009

Arbeid med M1

I dag har eg hatt ein dag der eg hovudsakleg har jobba med M1. Eg starta dagen med å lese igjennom oppgåva, der eg blant anna prøvde å tolke kva oppgåva er ute etter. Etter å ha lest igjennom oppgåva nokon gongar, satte eg meg til med programmet Freemind og laga mej eit elektronisk tankekart. Her laga eg meg ei god oversikt over ulike punkt som bør vere med i oppgåva.

Ut på ettemiddagen møtte vi på gruppa opp ut i Forsnavågen der vi fekk servert kaffe og te og masse kjekt over ein god gammeldags samtale rundt oppgåva (M1). Litt flyt vart det, men kjekt var det også. Fekk snakka litt om oppgåva og korleis vi ser på at oppgåva skal gjerast. Vi fekk samla litt tanka rundt oppgåva og kva som bør vere med. Desse tankane samla vi i eit MINDOMO kart på nettet slik at vi alle har tilgang til det:-)

Etter å ha hatt gruppearbeid, har eg fått fleire idear til oppgåva, som gjer at eg føler meg litt meir klar til å begynne skrivinga.

lørdag 24. januar 2009

Veka som har gått (19-23.01.09)

Denne veka, som eg har nemnt tidlegare, har eg jobba med fagartikkelen som var ein del av den obligatoriske oppgåva til "sosial web" delemnet. Denne oppgåva jobba eg mest med i starten av veka, før eg fekk leverte den 21.01.09.

Etter å ha gjort med ferdig med oppgåva, har eg fått lest igjennom den nye leksjonen som vart lagt ut på mandag om tenkeverktøy ("IKT som kognitiv støtte og verktøy for virtuelt støttende læringsprosesser"). Medan eg gjekk igjennom denne leksjonen, skreiv eg ned notata langs med, som eg har lagra på eit dokument på PC-en min. Eg var også innom dei nettsidene som leksjonen viste til, slik at eg fekk meg eit bilete av kva nettsidene dreia seg om.

Eg synst at denne leksjonen var veldig spennande, fordi der var snakk om fleire program som eg godt kan sjå føre meg at eg kan få bruk for i ein framtidig situasjon som lærar (men såklart må eg utforske programma vidare før eg kan gjere dette:-)). Utanom dette har eg lasta ned både Freemind og Cmap på PC-en min. Men eg har ikkje begynt utforskinga skikkeleg enda, men har vore innom om og sett litt på dei.

Den obligatoriske oppgåva vi fekk til denne leksjonen begynte vi på gruppa så smått med på torsdagen og fredagen då vi hadde samling. Etter desse leksjonane hadde vi fått laga oss eit utkast av oppgåve. Dette utkastet har eg publisert og lagt link til inne på arbeidsmappa mi. På gruppa har vi begynt på eit nytt Mindomokart der vi meir skal fylle ut og utvikle førsteutkastet som vi alt har laga.

Til no er eg veldi fornøgd med studiet og det trur eg at eg fortsatt kjem til å vere når vi nærma oss slutten også;-)

(Nokon morgon tanker før eg startar arbeidsdagen vidare;-)

mandag 19. januar 2009

Arbeid med fagartikkelen, (19.01.09)

I dag har eg jobba vidare med fagartikkelen som skal skildre læringssyna til Wesch og Selwyn. Eg har fått gjennom alle lenkane og skrive notat frå foredraga og kome såvidt igang med fagartikkelen. Ellers i dag har eg jobba vidare med nettsida, og lagt til ei ny side "Sosial Web", der eg har lagt inn arbeidet med å skildre ulike sosiale nettverk som vi jobba med på samlingane torsdag og fredag.

Gruppa i DKL 102 har avtalt eit møte der vi blant anna skal snakke om oppgåver gitt i emnet.

lørdag 17. januar 2009

Arbeid med blant anna leksjon og fagartikkel:-) (17.01.09)

Ja då har klokka begynt å nærme seg 20.00 og tenker det er på tide å ta kveld, det er jo Laurdag (sjølv om eg godt kunne ha fortsett, men har desverre fleire å tenke på:-P).

I dag har eg slete meg igjennom mange timas lese og forståelses arbeid, der eg blant anna har jobba med å forstå nettsida mi, og korleis eg kan endre på ting og tang som eg har rota til. Eg kan med glede seie at eg har kome meg eit steg vidare i forståelsen av bloggen og nettsida:-) Men enda har eg ikkje heilt funne fram til korleis eg kan få innstillingane av RSSen(Rich Site Summary;-) Hehe) til å vise dei fem siste bloggane inne på nettsida mi . Er det ein funksjon inne på opprettinga av RSSen som seier dette?? Om nokon veit dette hadde det vore fint om det vart kommentert;) Liker innspel på ting eg ikkje veit enda, så aukar eg kunnskapen min litt vidare:-P

Ellers i dag har eg jobba med igjennom leksjonen som vart gitt ut mandag enda ein gong, slik at eg kan dette enda litt betre. Men skal ikkje skryte so alt for mykje, det er fortsatt mykje som manglar av kunnskap før eg kan sette meg til å skrive fagartikkelen som skal omhandle læringssynet til Wesch og Selwyn. Som eit framtidig mål for morgendagen, har eg tenkt å lese og lytte meg meir inn på tankane deira, slik at eg endeleg kan kome igang med fagartikkelen og lagt den inn her på bloggen min;) Men tenker den ikkje kjem inn hit før om nokon dagar:-)

Då ønskjer eg alle som les blogginnslaget mitt ein riktig god kveld;-)

fredag 16. januar 2009

Første samling i 2009 (16.01.09)

Då er første veka med IKT nesten ferdige, og eg kan ærleg innrømme at eg sit igjen med mange tankar og forventningar til det nye semesteret.

Eg kjem til å jobbe med ein del nye ting som eg ikkje har vore bort i før, deriblant det eg no jobbar med (bloggen). Blogg og det å lage eiga nettside har eg aldri jobba med før, og er derfor noke eg ser fram til å lære meir om (bruken av desse).

Dei to samlingane vi har hatt, har vore veldig spennande, og etter dagens samling føler eg meg motivert til å ta å kome igang med studiet for fullt;-) Dette sjølv om eg, til tider, føler meg litt "bortkomen" og ikkje heilt sikker på kva eg driver med når det kjem til bloggen og nettsida, men dette er noke eg reknar med vil forbetre seg etterkvart som eg blir kjent med dei ulike programma;-)

Mine tankar klokka 23.30 fredagskveld;-)