I dag har eg jobba med mykje rart. I starten av dagen leste eg gjennom den nye leksjonen "sammensatte tekster" og prøvde ut noko av dei programma vi vart oppfordra til å prøve. Eg lasta ned ACID Xpress på maskina mi før eg satte meg sjølv ned å testa ut korleis dette programmet fungerte. Etter å ha prøvd meg fram prøvde eg meg på å lage ein liten melodi som eg har lagt i arbeidsmappa mi. Men som leksjonen ville at vi skulle gjere har eg ikkje sette meg ned å leitt fram konkrete læringsmål eller generelle, så dette lyt eg ta igjen i morga eventuelt. Eg har også tenkt å teste ut det andre programmet vi vart oppfordra å prøve. Dette fekk eg dersverre i tid til i dag, så eg ser fram til å prøve ut, det virka veldi arti.
Men eg kan no starte mjukt med å seie at eg godt kan sjå føre meg å ta i bruk begge programma i ein skulesituasjon. ACID Xpress opnar for fleire muligheiter der ein kan nytte dette i musikk fage, og om eg ikkje tek heilt feil, er der konkrete læringsmål som seier at elevane skal komponere/lage sin eigen musikk. Så i slike situasjonar hadde ACID Xpress vore upparleg å teste ut.
Xranormal programmet fekk eg ikkje sett so mykje på, men av det eg har sett til no er det gode muligheter til å kunne drage det inn i norskfaget. Elevane skal i skulen jobbe med både rollespel og skodespel, kva betre situasjon hadde det då vore dersom dei fekk bruke dette programmet i denne samanhengen. En ville nå kunne slå fleire fluer i same sekken i ein slik situasjon. Ikkje berre ville ein kunne jobbe med skodespel, men også ville dei jobbe med digitale verktøy, sammensatte tekstar, det ville vere gruppearbeid pluss mykje meir. Viktigaste av alt, dei ville ha hatt det skikkelig arti i same slengen;-)
Men no skal eg ikkje skryte for mykje, eg har tross alt ikkje testa det sjølv enda, men spent er eg.
Ellers i dag har eg jobba med A1 i 104, vi møtte på gruppa i dag til samtale/skriving over msn. Her snakka vi meir om oppgåva og veien vidare. Eg, Mona og Karete skal møtast i morgon førmiddag for å gjere opptak til podcasten. Vidare skal vi ha gruppemøte ut på ettemiddagen der vi skal diskutere utviklinga av oppgåva, og også i denne samanhengen, kor veien går vidare.
Utanom dette har eg gjort endringa på gruppenettsida våra:) Me løyve frå dei andre såklart;)
Eg har jobba litt med manus for morgendagens opptak, slik at også eg kan kome med forslag til korleis den skal utførast. Ser fram til morgondagens arbeid, blir artig dette trur eg;)
Er veldig positiv;)
Viser innlegg med etiketten DKL102-4 Sammensette tekster. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DKL102-4 Sammensette tekster. Vis alle innlegg
tirsdag 10. februar 2009
mandag 9. februar 2009
Comic Life i skulesamanhengen
Etter å ha lese leksjonen der vi fekk i oppgåve (valfritt) å sette oss inn i programmet Comic Life, og reflektere over om ein kan bruke dette programmet i skulen, begynte eg først med å last ned programmet på min eigen PC. Etter å ha gjort dette begynte eg så smått å utforske moglegheitene som dette programmet hadde. Eg laga meg ei lita bildeforteljing der eg tok utgangspunkt i oppveksten til katten min;-) Då slepp eg å tenke over personvern og opphavsrett, sidan det er eg som eig katten og har teke bileta;)
Eg syns det var veldig arti å jobbe med dette programmet, men det kan verte tidskrevjande dersom ein skal jobbe mykje med dette i skulen.
Som ein del av denne oppgåva skulle vi reflektere over bruken av programmet, og drage inn generelle og meir spesifikke bruksområder der ein kan nytte dette programmet.
I læreplanen for kunst og handverk, blir det lagt fram kunnskapsmål der elevane skal jobbe med tegneseriar, gjere fotograferingar og manipulere bilete digitalt. Vidare skal dei sette saman bilete og skrift for å sjå kor dette verkar. Comic Life ville i ein slik situasjon vere ganske bra, her ville då elevane kunne sjølv ta bilete, manipulere desse, eventuelt bruke bildebehandlingsprogram for å endre på bilete (også eit kunnskapsmål), for deretter å ta desse i bruk i programmet Comic Life for deretter bruke det som framføring eller oppgåveinnlevering. I andre meir generelle tilfeller kan ein bruke Comic Life ved at elevane lagar seg bildeserier/tegneserier, med tekst, gjennom å illustrere historie eller andre faglege ting, i bruken av Comic Life. Programmet kan verke motiverande for elevane, og kan derfor auke sjansen for at elevane jobbar med det dei skal, i artige omstendigheiter.
Etter sjølv å ha testa ut programmen kan eg godt forstå om elevar fell for dette programmet. Programmet laga lydar når eg gjorde forrandringar, eller snudde på boksane eller i det heile lagra arbeidet. Vidare var der funksjonar som gjorde at du kunne bestemme fargane på sidene, der var ulike motiver ein kunne nytte for inndeling av sidene. Vidare kunne du legge i tekstboksar og snakkebobler for å nemne noko.
Eg har enda ikkje vorte heilt kjend med programmet, men i ein læringsituasjon kan eg godt sjå føre meg å ta dette i bruk dersom eg får moglegheita til det. Men såklart, skal eg gjere det, må eg jobbe meir med programmet og gjere meg enda meir kjent med det. Som det so ofte blir sagt..."Ein lærer medan ein gjer det" eller som Dewey seier "Learning by doing" (eller enda rettare "learn to know by doing and to do by knowing")
Kilder:
UFD (2006) De fastsatte læreplanene for kunnskapsløftet, Undervisnings- og Forskningsdepartementet, Oslo [Internett] Tilgjengelig fra Utdanningsdirektoratet:
http://www.udir.no/templates/udir/TM_Tema.aspx?id=148
http://no.wikipedia.org/wiki/John_Dewey

Etiketter:
DKL102-4 Sammensette tekster,
DKL102-7 Arbeid
Abonner på:
Innlegg (Atom)