Etter å ha lese leksjonen der vi fekk i oppgåve (valfritt) å sette oss inn i programmet Comic Life, og reflektere over om ein kan bruke dette programmet i skulen, begynte eg først med å last ned programmet på min eigen PC. Etter å ha gjort dette begynte eg så smått å utforske moglegheitene som dette programmet hadde. Eg laga meg ei lita bildeforteljing der eg tok utgangspunkt i oppveksten til katten min;-) Då slepp eg å tenke over personvern og opphavsrett, sidan det er eg som eig katten og har teke bileta;)
Eg syns det var veldig arti å jobbe med dette programmet, men det kan verte tidskrevjande dersom ein skal jobbe mykje med dette i skulen.
Som ein del av denne oppgåva skulle vi reflektere over bruken av programmet, og drage inn generelle og meir spesifikke bruksområder der ein kan nytte dette programmet.
I læreplanen for kunst og handverk, blir det lagt fram kunnskapsmål der elevane skal jobbe med tegneseriar, gjere fotograferingar og manipulere bilete digitalt. Vidare skal dei sette saman bilete og skrift for å sjå kor dette verkar. Comic Life ville i ein slik situasjon vere ganske bra, her ville då elevane kunne sjølv ta bilete, manipulere desse, eventuelt bruke bildebehandlingsprogram for å endre på bilete (også eit kunnskapsmål), for deretter å ta desse i bruk i programmet Comic Life for deretter bruke det som framføring eller oppgåveinnlevering. I andre meir generelle tilfeller kan ein bruke Comic Life ved at elevane lagar seg bildeserier/tegneserier, med tekst, gjennom å illustrere historie eller andre faglege ting, i bruken av Comic Life. Programmet kan verke motiverande for elevane, og kan derfor auke sjansen for at elevane jobbar med det dei skal, i artige omstendigheiter.
Etter sjølv å ha testa ut programmen kan eg godt forstå om elevar fell for dette programmet. Programmet laga lydar når eg gjorde forrandringar, eller snudde på boksane eller i det heile lagra arbeidet. Vidare var der funksjonar som gjorde at du kunne bestemme fargane på sidene, der var ulike motiver ein kunne nytte for inndeling av sidene. Vidare kunne du legge i tekstboksar og snakkebobler for å nemne noko.
Eg har enda ikkje vorte heilt kjend med programmet, men i ein læringsituasjon kan eg godt sjå føre meg å ta dette i bruk dersom eg får moglegheita til det. Men såklart, skal eg gjere det, må eg jobbe meir med programmet og gjere meg enda meir kjent med det. Som det so ofte blir sagt..."Ein lærer medan ein gjer det" eller som Dewey seier "Learning by doing" (eller enda rettare "learn to know by doing and to do by knowing")
Kilder:
UFD (2006) De fastsatte læreplanene for kunnskapsløftet, Undervisnings- og Forskningsdepartementet, Oslo [Internett] Tilgjengelig fra Utdanningsdirektoratet:
http://www.udir.no/templates/udir/TM_Tema.aspx?id=148
http://no.wikipedia.org/wiki/John_Dewey
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar