Arbeidet med dette delemnet er det ei lita stund sidan vi jobba med:-) Men eg hugsar godt samlingane då vi jobba med dette emnet:-) På samlinga torsdagen (19.mars) begynte vi samlinga med å sjå film som vi vidare fekk analysert av forelesar:-) Artig film der Nicholas Cage skal stele ein baby:-) Her fekk vi oppleve ein del ulike kameravinkla som forsterka ulike uttrykk i filmen. Når vi hadde jobba oss ferdige med denne analyseringa, gjekk vi over til idrettsbygget i underetasja. Her jobba vi litt vidare med filming og kameravinkla osv. Deretter fekk vi i oppgåve å presentere/lage ein liten film på ca halvt minutt. Eg kom på gruppe med Marita og Anders. Vi fekk uttdelt filmkamera og stativ, og vart sett til arbeid. Gruppa bestemte at Kaarstadbygget skulle stå i sentrum og at dette bygget skulle presenterast. Resultatet av filmen vart ikkje av det beste, mykje av grunne låg i at det var veldig mørt ute, noko som gjorde at den ferdige filmen vart veldig svart. Det var vanskeleg å sja kva som vart filme.
Etter å ha presentert filmane, vart vi delte i nye grupper på 2-3 personar pr gruppe. Eg kom på gruppe med René. Kvar gruppe fekk uttdelt eit ordtak, det ordtaket vi fekk var "Graset er alltid grønnere på den andre siden" (eller graset er ikkje alltid grønnere på den andre siden). Arbeidet vidare var å lage ein synopsis, alltså nokon få setningar om kva filmen handlar om, det grunnleggjande. Vår gruppe valde å sjå på ordtaket slik det stod, synopsisen vart derfor at historia handla om ein mann som var ute å gjekk og kom forbi eit gjerde, over dette gjerdet var der eit "grønnare" gras. Mannen ville derfor over dette gjerdet. Mannen hadde noken utfordringar for så å kome over gjerdet. Vel over kom han fort fram til at graset faktisk var grønare på den sida har først var på.
Etter å ha jobba med synopsisen, begynte vi arbeidet med storyboardet, her teikna vi teikningar av det vi skulle filme, kva vi skulle filme og kva kameravinkel vi skulle bruke. Vi kom fram til at vi trengde litt ekstra rekvisittar til filmen, dette skulle vi ta med oss dagen etter når filmen skulle filmast.
Fredag skulle vi starte arbeidet med filminga. Vi fekk Helene med på gruppa og fekk forklart kva vi hadde kome fram til dagen før. Deretter hoppa vi oss i bilen og kjøyrde litt rundt for å finne perfekte plass for filminga. Plassen fann vi tilslutt, ein steingård med det perfekte gjerde:-) Deretter begynte vi filminga, eg og Helene stod for filminga og René var hovudpersonen i filmen. Det tok litt tid med filminga, men ferdige vart vi og kom oss tilbake til skulen og begynte redigeringa. Dette var det René som stod mest for, medan eg og Helene var med på å sette opp og bestemme rekkeførlja for filmen og det som skulle vere med. Filmen vart ferdig, einaste som var litt domt, var at vi ikkje rakk å leggje til noko musikk i bakgrunnen. Dette følte eg mangla når vi såg filmen i samla klasse. Ellers syns eg sluttproduktet vart bra, eg vart kjempefornøgd:-)
Gå til denne lenkja for å sjå filmen:-)
Arbeidet med denne filman var veldig artig og ikkje minst lærerikt:-) Windows movie maker har eg ikkje jobba med tidlegare, så her fekk eg lære litt langs med:-)
Viser innlegg med etiketten DKL104-7 Videoproduksjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DKL104-7 Videoproduksjon. Vis alle innlegg
søndag 26. april 2009
Abonner på:
Innlegg (Atom)
