Viser innlegg med etiketten DKL102-7 Arbeid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DKL102-7 Arbeid. Vis alle innlegg

søndag 26. april 2009

Siste samling DKL102 / Arbeid med animasjon

Betre seint enn aldri er vel noko som heiter:-) Det er ei god veke sidan vi hadde siste samling i DKL102. Vi jobba med mykje rart dei to dagane som eg no sjølv har jobba litt vidare med:-) Torsdagen hadde vi responsarbeid, der vi jobba med mappeoppgåvene og gav respons til kvarandre. Dette brukte vi stort sett mesteparten av samlinga til. Det vart for det meste jobba med M3 og minimalt med M1, sidan M2 var noko vi begge hadde jobba med saman og var fornøgd med vart det ikkje snakka om denne oppgåve. Tilbakemeldinga eg fekk på M3 og M1 var for det meste mangla som eg sjølv var klar over, og som eg har tenkt å jobbe meir med mot eksamen. Det eg no ser føre meg er å levere M2 og M3 til mappeeksamen:-) Så litt arbeid har eg enda med M3 som eg ikkje fekk gjort til første leveringa.

Fredagen hadde vi gjesteforelesing og vi jobba med animasjon. Dette var ein kjekk dag:-) Eg var på gruppe med Siv-Mette, vi bestemte oss for å lage animasjon av eventyret reve-enka eller som vi kalla det Lego-enka:-) Vi vart desverre ikkje ferdige med animasjonsfilmen. Trur mykje av grunnen var at vi starta i feil ende av arbeidet, og at vi kanskje valde et litt langt eventyr.. OG ikkje minst at vi tok bilete av før høg opplysning og at alle programma vi brukte krasja med jamne mellomrom...So alt på ein gong.

Eg har brukt litt dagen i dag til å jobbe med animasjonsfilmen som vi så smått begynte med. Eg fekk lasta ned "image reziser" og fått forandra størrelsen på bileta, har lagt bileta inn i windows movie maker. Vidare har eg lest inn eventyret i audacity og fått lagt mp3 fila inn i windows movie maker:-) Deretter har eg brukt ein god del tid på å sette saman heile filmen:-) Om det kan kallast ein rein animasjonsfilm vil eg sjølv sette spørsmålsteikn ved:P Men film har det blitt, med nokon få scener med gåing:) Eller er det biletvisning og tale. Og ikkje minst litt synging på slutten...var ikkje heilt sikker på om eg skulle ta det med...men det gjorde eg...

Her er underverket av den ferdige "animasjonsfilmen":-)




Etter å ha jobba med å lage denne filmen (sjølv om det kanskje ikkje vart heilt slik eg kunne ha tenkt meg) så kan eg lett sjå føre meg mange grunnar til kvifor bruke animasjon i skulen. Gjennom arbeid med å lage animasjonsfilm er det ein del ting ein må gjere før filmen er ferdig! Skal ein lage ein animasjonsfilm med tale/lyd er det fleire ting ein må gjere i arbeidet! Når ein lagar sjølve filmen er det ein rekke ting ein gjere før arbeidet kan settast i gang, (noko vi lærte ved å gjere feil sjølve under arbeidet). Ein må først bestemme seg for kva ein vil lage animasjonsfilmen av, deretter må ein lage klar historia, storyboard som ein vil gå utifrå. Når ein lagar storyboardet må ein planlegge heile prosessen frå start av historia til den er ferdig. Då er det berre å sette i gang med å ta bilete. Når ein har teke alle bileta ein treng er det klart til å sette saman bileta til animasjonsfilmen:-)

I arbeid med animasjonsfilm vil ein jobbe med mange ulike kompetansemål som ein finn i kunnskapsløftet. Mål i læreplanen er at elevane skal kunne å bruke ulike litterære sjangrar, vidare skal elevane kunne bruke ulike digitale program i arbeidet, dei skal kunne forklare ulike matematiske samanhengar, dei skal kunne presentere arbeid som er gjort. Mange av dei kompetansemåla som ein finn i læreplanen kan ein ta i bruk ved å lage ein animasjonsfilm.

Også gjennom arbeid med animasjonsfilm vil ein måtte bruke digitale program når ein skal sette saman filmen. Dette kan vere med på å styrkje den styrkje den digitale kompetansen. Å kunne bruke digitale verktøy er eit av dei fem grunnleggjande ferdigheitene i kunnskapsløftet. Elevane vil også i eit arbeid som dette jobbe med dei fire andre grunnleggjande ferdigheitene. Lese, gjennom å lese inn og redigere det som skal verte sagt i lydfila, og ikkje minst når ein skal jobbe med historia ein vil filme. Skrive, gjennom å lage klar manus, storyboard og synopsis. Uttrykke seg muntlig, gjennom å diskutere i grupper og kome fram til lysingar. Og kunne rekne, ved å finne ut tida ein brukar og passe på at alt av tid og bilete heng saman.

Å jobbe med animasjonsfilm er noko ein ikkje gjer heile tida, derfor kan dette vere ein motivasjonsfaktor dersom ein brukar dette i skulen. Elevane vil få jobbe med noko annleis, dei vil jobbe med mange ulike verktøy og programmer, og dei vil jobbe med dei grunnleggjande ferdigheitene og ein del kompensemål. Det gjelder å sjå dei moglegheitene som finst:-)

Men såklart, ein treng tid og ulike ressursar dersom ein skal jobbe med animasjonsfilm. Men det gjelder å sjå moglegheitene som er der:-)

Personleg syns eg arbeidet var tidskrevande men også veldig kjekt og også nytt:-)

onsdag 11. mars 2009

Refleksjon rundt arbeid med Picasa

Då har eg endeleg fått jobba litt ekstra med leksjon og oppgåve som har vore knytt til leksjonen Digital arena 2. Den frivillige oppgåva i denne leksjonen var å gå ut i det fri og ta bilete, desse bileta skulle leggast inn i picasa for deretter å lage nettalbum med plassmarkering og eventuelt lage ein bildepresentasjon via picasa. Dette har eg då jobba litt med i dag.

Eg starta kort med å plukke ut bilete som eg sjølv har teke i ulike situasjonar. Sjølv om det i den frivillige oppgåva stod at bileta skulle takast (no), så valde eg å bruke bilete teke tidlegare. På denne måten fekk eg vise litt naturbilete frå ulike delar av landet:-)

Etter å ha valt ut bileta og lagt dei inn på picasa albumet mitt, begynte eg med å lage plassmarkeringar. Eg valde å ta utgangspunkt i det som picasa hadde tilgjengeleg, og ikkje plassmarkere bileta gjennom Google earth. Då eg skulle til å lage film/presentasjon av bileta hadde eg heilt gløymt av at eg måtte bruke Picasa 3 for å kunne gjere dette. Så når eg vart vart glup og kom på det lasta eg ned programmet. Bilda eg alt hadde lagt til i picasa nettalbum lasta eg ned til picasa 3. Herifrå laga eg presentasjonsfilmen. Eg valde å legge musikk til presentasjonen. Musikken eg valde å legge til har eg nytta tidlegare, denne musikken er henta frå ccmixter og heiter harp from nube.

Etter filmen var ferdig redigert/laga, lasta eg filmen opp i picasa nettalbum igjen. Under finn du link til album med plassmarkering og filmpresentasjonen.

Album med plassmarkeringar
Filmpresentasjon av bileta

Eg syns arbeidet med denne oppgåva har vore ganske artige (sjølv om eg rota litt med å finne ut av ting, men så handlar dette studiet om å lære nye verktøy og finne ut av ting: Ordtaket: øvelse gjer meister passar beskrivelsen av studiet:-)).

Gjennom å ha jobba med denne oppgåva har eg sjølv fått gode idear for korleis eg sjølv kan nytte dette verktøyet, og eg kan godt sjå nytteverdien av å bruke eit verktøy som dette i skulen! I eit arbeid med bilete kan ein verte utsett for å måtte redigere og lage til ulike bilete, desse bileta kan vidare verte laga presentasjonar av (slik eg sjølv har prøvd meg på), og ved å plassmarkere bileta der dei er teken må ein jobbe med kart og geografi. Arbeid med dette finn ein i samfunnsfaget. Så å jobbe med oppgåver som dette kan vere ganske relevant i ein skulesamanheng etter mi meining.

Sjølv brukte eg litt tid på å finne ut av programmet, og ikkje minst oppdage at eg mangla eit vesentleg program i skapinga av filmpresentasjonen:-) Men etter oppdaginga gjekk det ganske greit det andre. Eg sit no igjen med enda meir kunnskapar innanfor bruken av picasa, men sansynlegvis er der fortsatt ting eg ikkje veit.. men som sagt øvelse gjer mester og øvelse og bruk skapar fleire kunnskapar!

tirsdag 17. februar 2009

Utviklinga av mobiltelefonens funksjon i kvardagen til unge.

Med utgangspunkt i kapittel 2 i Tønnessens bok, har eg i dette blogginnlegget valt å legge fokuset rundt mobiltelefonens funksjon i kvadagen til dei unge og meg sjølv.

Kulturen i dag er mykje prega av framvekst av stadig fleire medier, noko som bidreg til vi alle må lære å håntere dei nye media og kommunikasjonsformene som stadig kjem til verden. Sjølv har eg gradvis vokse opp i eit miljø som har vorte meir og meir prega av dei digitale verktøya som har vorte tilgjengelege i kvardagen.

Eit av dei media eg har lagt til hjerter frå tida då eg nærma meg ungdomsskulen er mobiltelefonen. Eg husar godt då mobilen vart populær blant meg sjølv og vennene mine. Eg hugsa det var veldig spennande då eg sjølv fekk første mobilen min for hand, ein stor Motorola som vi i dag ofte betegner som ein murstein. Funksjonane på den første mobilen min, til mobilen min i dag har auka betydeleg. Mobiltelefonar har utvikla seg, og er i dagens kultur prega både av design og mykje utvikling av bruksfunksjonar.

Som Tønnessen skriv
Dagens mobiltelefoner fungerer som små potente datamaskiner som kan kobles til Internett, fungere som fotoapparat og produsere og overføre tekst i flere modaliteter (særlig skrift, lyd og bilde). (Tønnessen, 2007 s. 29).
Dette har Tønnessen heilt rett i, sjølv hugsar eg at det berre var nokon få funksjonar som kunne brukast i min aller første mobil (ringing og teksting), til dagens mobil der eg både kan sende melding som kan innehalde bilete, tekst og bakgrunnsmusikk, ta bilete, høyre på radio og musikk. Vidare har eg muligheiter for å gå på Internett og mykje anna. Eg kan godt forstå kvifor Tønnessen seier at mobiltelefonen fungerer som små potente datamaskiner. Dei er nå på ein måte dette!

Vidare seier Tønnessen at mobilen finst i hendene på dei fleste unge i dag. Dei bruker mobilen til å spele spel, halde kontakt og rett og slett fylle opp dødtida i kvardagen. Her kan eg lett finne meg sjølv igjen i. Dersom eg sitt på buss eller venter på nokon, og ikkje har tilgang til noko anna medium enn mobilen, er det ofte eg sett meg til å spele spel på mobilen, eller sender tekstmeldinger til venner.

Mobilen blir i dag brukt i alle samanhenger og er ein integrert del av kvardagen. Mobilen er eit bindeledd mellom venner og kjente, og ein kan i alle situasjoner vere i kontakt med venner, ein er berre eit tastetrykk unna.

Faren ved at ein som ungdom ikkje har mobiltelefon, ut frå Tønnessen, er at ein kan kome i ein situasjon der ein blir utestengt frå fellesskapet i vennekretsen. Sjølv hugsar eg at då mine vennar hadde fått seg mobiltelefon, og eg enda ikkje hadde fått mobil. Eg fann meg sjølv i ei stilling der eg ikkje alltid blei inkludert i det dei andre held på med. Men dette endra seg då eg også fekk mobil, eg vart då også ein del av fellesskapet...

Litt rart å tenke på eigentleg...mobiltelefon har vore ein del av livet mitt heilt sidan eg fekk mobil for første gong. Mobilen er ein integrert del av livet mitt, den er der heile tida, og dei gongane eg ikkje har han med meg, savner eg han. Det er kanskje gale å ha det på denne måten, men mobilen min er bindeleddet med resten av verden.. eller iallefall bindeleddet med familia og venner.


Litteratur

Tønnesen, E. S. (2007). Generasjon.com - Mediekultur blant barn og unge, Oslo, Universitetstforlaget.

søndag 15. februar 2009

Refleksjon rundt Acid Xpress og Xtranormal

I arbeidet med delemnet sammensatte tekster, fekk vi ei valfri oppgåve der vi kunne gjere oss kjende med Xtranormal og/eller Acid Xpress. Eg valde å prøve ut begge programma og dermed også reflektere litt rundt begge desse programma.

Acid Xpress er eit program som er mykje lik Audacity som vi har jobba med tidlegare. Det som er annleis med dette programmet, slik eg ser det, er at Acid Xpress tek med seg ein heil del musikksnuttar som vi kan bruke utan å måtte tenke på opphavsrett og slike ting. Programmet er etter mi meining lettfattleg og greit å jobbe med. Sjølv laga eg meg ein melodi der eg brukte noko av dei musikksnuttane som følgde.

Lenke

Xtranormal er eit program der ein kunne lage sine egne videoar/filmar som kan publiserast på nettet. Her kan ein blant anna bestemme utsjånad til personane som skal vere med i filmen, kva stemme dei skal ha. Vidare kan du bestemme settingen, om der skal vere musikk i bakgrunnen eller andre lydar. Ved å skrive inn noken ord som aktørane skal seie, laga du enkelt manuset. Språka ein kan nytte i dette programmet er blant anna engelsk. Desverre kan ein ikkje bruke norsk. Her har eg også prøvd ut mine filmeigenskapar.

Lenke

Etter å ha prøvd ut desse to programma ser eg muligheiter for å bruke desse i ein skulesituasjon. Acid Xpress er eit program ein kan ta i bruk både i musikkfaget og i norskfaget der elevane skal lage samansette tekstar (tekst som kan innehalde bilete, tekst og lyd). I norskfaget står det at elevane skal etter 10. årstrinn kunne gjennomføre enkle [...] rollespill og dramatiseringer [...] og vidare etter 10 årstrinn i engelsk skal elevane kunne utnytte ulike situasjonar, arbeidsmåtar og strategiar for å lære seg engelsk. Programmet Xtranormal opnar her for ei moglegheit der elevane kan lage ei dramatisering/rollespel, der dei skal bruke engelskspråket. Her vil dei då måtte jobbe med å lage setningar og skape roller som dei vidare må legge inn i programmet. I ei oppgåve som dette vil elevane jobbe med engelskspråket og med norskspråket i ulike situasjonar. Her vil dei vidare jobbe med digitale medium som er med på å skape digitale ferdigheiter som også er eit mål i skulen. Men for språklæring der du skal lytte til språket er dette programmet ikkje noko særleg nyttigt, men i andre situasjonar kan det vere kjekt å berre jobbe med skrivinga. Problematikken kan vidare vere med dette programmet at ein ikkje får lagra det ein gjer på pc-en når produktet er ferdig, men må vere publisert på nettet for at ein skal kunne sjå det uavhengig av om produsentane er tilstades eller ei. Dette betyr at ein må registrere seg som brukar for å bruke programmet for vidare å publisere produktet.

I musikkfaget skal elevane etter 7. årstrinn kunne komponere og gjør lydopptak ved hjelp av digitale verktøy. Vidare skal elevane etter 10. årstrinn kunne improvisere over et eksisterende musikalsk materiale som inspirasjon for egen komposisjon. Ein kan med ein gong sjå muligheitene som ligg i programmet Acid Xpress. Her kan ein bruke musikksnuttane som følgjer med, både til å sette saman og improvisere rundt musikken ein finn der og skape noko eige. Og også i denne samanhenger får ein ta i bruk redigeringsprogram som vidare er med på å skape digitale kunnskapar innan digitale verktøy.

Der finst mange moglegheiter i program som dette, det er berre å sjå muligheitene og kaste seg over det. Tid vil det ta, men det er det også verdt!


Litteratur

UDF (2006) De fastsatte læreplanene for kunnskapsløftet, Undervisnings- og Forskningsdepartementet, Oslo [Internett] Tilgjengeleg frå Utdanningsdirektoratet: http://www.udir.no/templates/udir/TM_Tema.aspx?id=148 [Lasta ned 15.02.09]

mandag 9. februar 2009

Comic Life i skulesamanhengen

Etter å ha lese leksjonen der vi fekk i oppgåve (valfritt) å sette oss inn i programmet Comic Life, og reflektere over om ein kan bruke dette programmet i skulen, begynte eg først med å last ned programmet på min eigen PC. Etter å ha gjort dette begynte eg så smått å utforske moglegheitene som dette programmet hadde. Eg laga meg ei lita bildeforteljing der eg tok utgangspunkt i oppveksten til katten min;-) Då slepp eg å tenke over personvern og opphavsrett, sidan det er eg som eig katten og har teke bileta;)

Eg syns det var veldig arti å jobbe med dette programmet, men det kan verte tidskrevjande dersom ein skal jobbe mykje med dette i skulen.

Som ein del av denne oppgåva skulle vi reflektere over bruken av programmet, og drage inn generelle og meir spesifikke bruksområder der ein kan nytte dette programmet.

I læreplanen for kunst og handverk, blir det lagt fram kunnskapsmål der elevane skal jobbe med tegneseriar, gjere fotograferingar og manipulere bilete digitalt. Vidare skal dei sette saman bilete og skrift for å sjå kor dette verkar. Comic Life ville i ein slik situasjon vere ganske bra, her ville då elevane kunne sjølv ta bilete, manipulere desse, eventuelt bruke bildebehandlingsprogram for å endre på bilete (også eit kunnskapsmål), for deretter å ta desse i bruk i programmet Comic Life for deretter bruke det som framføring eller oppgåveinnlevering. I andre meir generelle tilfeller kan ein bruke Comic Life ved at elevane lagar seg bildeserier/tegneserier, med tekst, gjennom å illustrere historie eller andre faglege ting, i bruken av Comic Life. Programmet kan verke motiverande for elevane, og kan derfor auke sjansen for at elevane jobbar med det dei skal, i artige omstendigheiter.

Etter sjølv å ha testa ut programmen kan eg godt forstå om elevar fell for dette programmet. Programmet laga lydar når eg gjorde forrandringar, eller snudde på boksane eller i det heile lagra arbeidet. Vidare var der funksjonar som gjorde at du kunne bestemme fargane på sidene, der var ulike motiver ein kunne nytte for inndeling av sidene. Vidare kunne du legge i tekstboksar og snakkebobler for å nemne noko.

Eg har enda ikkje vorte heilt kjend med programmet, men i ein læringsituasjon kan eg godt sjå føre meg å ta dette i bruk dersom eg får moglegheita til det. Men såklart, skal eg gjere det, må eg jobbe meir med programmet og gjere meg enda meir kjent med det. Som det so ofte blir sagt..."Ein lærer medan ein gjer det" eller som Dewey seier "Learning by doing" (eller enda rettare "learn to know by doing and to do by knowing")

Kilder:
UFD (2006) De fastsatte læreplanene for kunnskapsløftet, Undervisnings- og Forskningsdepartementet, Oslo [Internett] Tilgjengelig fra Utdanningsdirektoratet:
http://www.udir.no/templates/udir/TM_Tema.aspx?id=148

http://no.wikipedia.org/wiki/John_Dewey

onsdag 21. januar 2009

Det sosiale nettet som læringsarena. Wesch vs. Selwyn

Både Michael Wesch og Neil Selwyn forskar på korleis sosiale nettverk påverkar læringspotensialet i forhold til undervisninga i skulen. Dette er noko eg kjem til å skrive om i denne fagartikkelen.

"The most significant problem with education today is the problem of significance itself. Students - our most important critics - are struggling to find meaning and significance in their education".
(Wesch 2008)

Som Michael Wesch seier over, er det største problemet i dag blant studentar i utdanning, at dei ofte ikkje finn undervisninga meiningsfull for deira utdanning. Etter Wesch si meining er dagens klasserom alt for mykje prega av autoritet, struktur og kontroll, der det er læraren som formidlar kunnskapen til studentane. Utdanninga har vorte ei jakt etter gode karakterar og ikkje etter kunnskapen. Dette viser Wesch ved eksemplar av ofte stilte spørsmål i skulen. Spørsmål som, "Kor mykje må vi skrive?", "Er det obligatorisk oppmøte?", og det Wesch meiner er det verste tenkelege spørsmålet, "Kva må vi kunne til prøva?". Wesch saknar dei gode spørsmåla i klasserommet, spørsmåla som gir drivkrafta til kritisk og kreativ tenking, spørsmåla som tvingar studentane til å tenke igjennom si eiga læring. Som Wesch seier, "The only answer to the best questions is another good question...the best questions send students on rich and meaningful lifelong quests, question after question after question" (ibid).

Vidare meiner Wesch at det finst mykje læringspotensial ved bruk av sosiale nettverk i skulen. Det sosiale nettverket opnar for at alle kan vere deltakande, det er ikkje snakk om ein autoritet som bestem, men at alle kan vere med i læringa. Det er ikkje lenger sjølvsagt at det som blir undervist er det einaste av informasjon, i dag kan ein lettare stille seg kritisk til undervisninga, og sjølve finne ut av læringa. Ein kan også sjølv vere med på å skape informasjon gjennom eit sosialt nettverk. I samhandling med andre kan kunnskapen nå langt. Som Kevin Kelly seier, Nobody is as smart as everybody. Læring handlar ikkje lenger berre om å finne informasjonen ein treng, læring er også å kunne vere kreativ og skapande, og også å kunne sjå den større samanhengen. Ein må finne dei meiningsfulle knaggane, som Wesch seier, To learn is to create.

Neil Selwyn ser også at der finst positive ting ved bruken av det sosiale nettverket, deriblant ved at ein kan finne og halde kontakt med kvarandre over nettet. Men personleg meiner Selwyn at det sosiale nettverket ikkje egnar seg i ein formell læringssituasjon i skulen. Det sosiale nettverket er alt for uformell, og kan då etter Selwyn si meining skape ein læringssituasjon som ikkje gir noko særleg godt utbytte i den formelle læringa. Men sjølv om han ikkje er positiv innstilt på bruken av det sosiale nettverk i skulen, ser han også moglege positive sider. Han kan godt sjå føre seg at studentane i samarbeid med kvarandre over nettet, kan samarbeide, diskutere, veilede og kritisere kvarandre, og dermed auke kunnskapane og føre læringa vidare. Det er her Selwyn ser læringspotensialet. Men om det er slik det fungerar er eit anna spørsmål. Etter Selwyn si meining er skiljet mellom det formelle og det uformelle alt for stort til at ein kan bruke det sosiale nettverket i ein formell situasjon i skulen. Han er redd for at skiljer er for stort slik at det kan gå ut over basisferdigheitene i utdanninga. Vidare meinar Selwyn at ein bør verken tvinge eller nekte studetar adgang og bruk av det sosiale nettverket og dei ulike medier som er å finne, men heller la studentane bestemme dette sjølv og sjå kor det fører dei.

For at det sosiale nettverket skal kunne integrerast i skulekvardagen, meiner Selwyn at det er fleire ting som må forandrast på i skulen for at det kan integrerast i den formelle læringa. Blant anna må lærarrolla endrast, rammevilkåra må endrast og også læreplanen og læringsmåla må jobbast vidare med. Læraren har ei sjølvsagt rolle i skulen, og for at det sosiale nettverket skal kunne fungere på ein god måte, må læraren undervise studentane sine til å bruke nettverket, slik at læringa vert god og trygg blant studentane.

Oppsummering
Både Wesch og Selwyn er opptatt av korleis dei sosiale mediane fungerar i skulekvardagen. Medan Wesch meinar at det sosiale nettverket har ei klar positiv innverknad på læringa, stiller Selwyn seg meir kritisk til bruken av sosiale nettverk i skulen. Etter Selwyn si meining blir bruken av det sosiale nettverket alt for uformell i utdanninga, og kan resultere i manglande basisferdigheiter. Wesch derimot meiner ein bør bryte ut av den formelle situasjonen i klasserommet, og meir opne opp for læring ved bruk av sosiale nettverk. Ein bør bryte ut av den formelle situasjonen, og heller skape situasjonar der studentane sjølve kan ta del i læringa. Ein må få fram dei gode spørsmåla, spørsmåla som skapar ei livslang læring. Internett og bruken av den vil auke motivasjonen og lærelysta til studentane meiner Wesch.

Noko både Selwyn og Wesch er samde om er at det må skje forandringar i skulen. Wesch er inne på at ein må forandre rammefaktorane i skulekvardagen, medan Selwyn meiner det trengs fleire forandringar for å kunne integrere sosiale nettverk i skulen. Han meiner at ein blant anna må endre rolla til læraren, og at læreplanen og måla må jobbast meir med.

Lenker:
Michael Wesch, A Portal to Media Literacy
Michael Wesch, Anti-Teaching
Neil Selwyn, Sosial web og læring
http://www.itu.no/filearchive/neil_selwyn_oslo.pdf
http://www.oecd.org/dataoecd/32/3/39458556.pdf