I arbeidet med delemnet sammensatte tekster, fekk vi ei valfri oppgåve der vi kunne gjere oss kjende med Xtranormal og/eller Acid Xpress. Eg valde å prøve ut begge programma og dermed også reflektere litt rundt begge desse programma.
Acid Xpress er eit program som er mykje lik Audacity som vi har jobba med tidlegare. Det som er annleis med dette programmet, slik eg ser det, er at Acid Xpress tek med seg ein heil del musikksnuttar som vi kan bruke utan å måtte tenke på opphavsrett og slike ting. Programmet er etter mi meining lettfattleg og greit å jobbe med. Sjølv laga eg meg ein melodi der eg brukte noko av dei musikksnuttane som følgde.
Lenke
Xtranormal er eit program der ein kunne lage sine egne videoar/filmar som kan publiserast på nettet. Her kan ein blant anna bestemme utsjånad til personane som skal vere med i filmen, kva stemme dei skal ha. Vidare kan du bestemme settingen, om der skal vere musikk i bakgrunnen eller andre lydar. Ved å skrive inn noken ord som aktørane skal seie, laga du enkelt manuset. Språka ein kan nytte i dette programmet er blant anna engelsk. Desverre kan ein ikkje bruke norsk. Her har eg også prøvd ut mine filmeigenskapar.
Lenke
Etter å ha prøvd ut desse to programma ser eg muligheiter for å bruke desse i ein skulesituasjon. Acid Xpress er eit program ein kan ta i bruk både i musikkfaget og i norskfaget der elevane skal lage samansette tekstar (tekst som kan innehalde bilete, tekst og lyd). I norskfaget står det at elevane skal etter 10. årstrinn kunne gjennomføre enkle [...] rollespill og dramatiseringer [...] og vidare etter 10 årstrinn i engelsk skal elevane kunne utnytte ulike situasjonar, arbeidsmåtar og strategiar for å lære seg engelsk. Programmet Xtranormal opnar her for ei moglegheit der elevane kan lage ei dramatisering/rollespel, der dei skal bruke engelskspråket. Her vil dei då måtte jobbe med å lage setningar og skape roller som dei vidare må legge inn i programmet. I ei oppgåve som dette vil elevane jobbe med engelskspråket og med norskspråket i ulike situasjonar. Her vil dei vidare jobbe med digitale medium som er med på å skape digitale ferdigheiter som også er eit mål i skulen. Men for språklæring der du skal lytte til språket er dette programmet ikkje noko særleg nyttigt, men i andre situasjonar kan det vere kjekt å berre jobbe med skrivinga. Problematikken kan vidare vere med dette programmet at ein ikkje får lagra det ein gjer på pc-en når produktet er ferdig, men må vere publisert på nettet for at ein skal kunne sjå det uavhengig av om produsentane er tilstades eller ei. Dette betyr at ein må registrere seg som brukar for å bruke programmet for vidare å publisere produktet.
I musikkfaget skal elevane etter 7. årstrinn kunne komponere og gjør lydopptak ved hjelp av digitale verktøy. Vidare skal elevane etter 10. årstrinn kunne improvisere over et eksisterende musikalsk materiale som inspirasjon for egen komposisjon. Ein kan med ein gong sjå muligheitene som ligg i programmet Acid Xpress. Her kan ein bruke musikksnuttane som følgjer med, både til å sette saman og improvisere rundt musikken ein finn der og skape noko eige. Og også i denne samanhenger får ein ta i bruk redigeringsprogram som vidare er med på å skape digitale kunnskapar innan digitale verktøy.
Der finst mange moglegheiter i program som dette, det er berre å sjå muligheitene og kaste seg over det. Tid vil det ta, men det er det også verdt!
Litteratur
UDF (2006) De fastsatte læreplanene for kunnskapsløftet, Undervisnings- og Forskningsdepartementet, Oslo [Internett] Tilgjengeleg frå Utdanningsdirektoratet: http://www.udir.no/templates/udir/TM_Tema.aspx?id=148 [Lasta ned 15.02.09]
søndag 15. februar 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar