Viser innlegg med etiketten DKL104-8 Arbeid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DKL104-8 Arbeid. Vis alle innlegg

onsdag 11. mars 2009

Refleksjon rundt arbeid med design

Eg brukar til tider å føle meg ein smule grå, derfor valde eg å lage ein header og fargesamansettning der fargen grå er sentral. Eg har endeleg fått jobba med gjennom begge design leksjonane enda ein gang. Dette gjorde eg fordi eg i første gjennomgang berre las overfladisk igjennom, og derfor resulterte i at eg eigentleg ikkje fekk med meg so alt for mykje...

Det håpar eg at eg no har retta opp i og fått jobba litt med å skape min eigen "identitet" på mine nettstadar. Om grå er min farge kan vel diskuterast...men som sagt, grå ligg ein smule i sjela for mi tida. Om eg hadde kunna/eller om eg verkeleg hadde lagt meg i det kunne eg godt skapt ein personleg identitet som ein fargeklatt... men i frykt for å skape nettsider nesten liknande Bygg_ugly, valde eg heller for å gå meir mot ein nøytral grå farge. Denne fargen har eg no lagt inn på alle mine nettstadar, arbeidsnettsida, nettavisa og bloggen. Så får dokke berre assosiere meg med fargen grå:-) (Det er no såklart ikkje alltid eg føler meg grå, berre innimellom:-)

Som leksjonane var inne på kan eg godt forstå kvifor det kan vere viktig å skape sin identitet. Grunnen til dette er at det blir lettare å kjenne igjen produkta som har lik farge. Det er nå så enkelt å tenke på melkekartongane (joda dette var med i leksjonen:-) syns det illustrert bra dette med identitet!), lettmelk som har rosa eller kulturmelk som er mørke lilla (om eg no ikkje tek heilt feil). Det er berre å sjå på produktet så veit du kva det inneheld. Så å skape ein identitet som ikkje endrar seg kan vere med på å forsterke kjennskapen på ein sjølv. Gjennom ein personleg, visuell identitet blir ein lett å kjenne igjen over alt, noko som også aukar sjansane for at ein blir kjent igjen.

Noko som også var viktig når ein skapte sin eigen visuelle identitet, er at den skal formidle vidare dei ein kan kome over på nettsida, altså det nettsida handlar om. Ein kan vel fort tenke då at gråfargen kanskje formidlar at denne nettsida er grå og kjedeleg... eg derimot ser det føre meg som ein avslappande og tilbakelendt farge. Den utrykker (forhåpentlegvis ikkje) at det som siden inneheld er kjedeleg, men eg kan godt også forstå at det første ein kan tenke er at siden ikkje har liv i seg. Det er opp til den enkelte å meine og føle:-) (Smak og behag...er ikkje det noko også)

Som det stod i leksjonen var eit råd og ikkje lage ein visuell mal som ikkje er noko særleg framtredande.. dette trur eg nesten eg har greidd også:-) Eller kva?

Og som eg også var innom i kapitelet, How we really use the web, kan eg nesten spørre meg sjølv om det første bilete av mine nettstadar vil fange interressa til dei som ser på den for første gong. Som det vart gitt uttrykk for (ikkje berre i dette kapittelet) så skapar folk fort opp ei meining om sida dei havnar på inneheld noko av interesse! Dette veit eg sjølv av erfaring...kjem eg inn på ei side der eg ikkje ser noko av interesse går eg glatt vidare til neste side, heilt fram til eg finn noko eg vil lese/sjå på. Så kva skal då til for å fange interressene?

Eg prøvde meg også litt på fargeprogrammet Chromascope, eit dataprogram om fargar skapt av professor Grethe Smedal. Dette programet var greitt å teste ut, eg prøvde meg på ulike fargekombinasjonar, det var rimeleg greitt å forstå seg på. Men om alle fargane eg testa ut passa saman kan ein no diskutere:-) Eg fekk iallefall prøvd det ut, og eg kan også godt sjå føre meg at ein kan nytte det i samanhengar i skulen der ein skal jobbe med farger, korleis fargane blir når ein blandar, og ulike måtar å setta fargar saman slik at dei passar i lag. Programmet viste ganske greit ulike fargekonsept og korleis ein bør sette fargane slik at det ser bra ut på skjermen:-)

Blei ei fin oppramsing dette ja:-) Men tenkte det ville vere greit å vise at eg faktisk har sett på leksjonane og også jobba litt med design (som også var litt av poenget) :-)

Ikkje nok med det som eg alt har skrive om, så har eg også lest om eksperttesting, eller heuristisk evaluering. Her har eg nå laga meg nokon tankar om kva dette dreiar seg om. Kanskje litt lurt sidan det kan likne litt på det vi no skal til med når vi skal gi respons på nettsida til andre lokal dkl gruppe. Vi skal vel i denne omgangen lage oss nokon punkt som vi skal tenke over og vurdere ut frå nettavisa til gr.2. så dette trur eg kan bli interresant, og ikkje minst når vår eiga gruppe skal verte gitt respons på:-) Vår gruppe har alt jobba litt med å lage noken tommelfingerreglar som vi skal gå ut i frå i evalueringa/responsgivinga til nettavisa til gr.2.
Så dette får vi prøvd oss på, så satsar vi på at vi er på rett spor:-)

søndag 1. februar 2009

Mot mediedysleksiens tidsalder? av Soilikki Vettenranta

Globalisering
Mediekulturen er blitt global. Sattelitter på himmelen og kabler under havet utvider grensene for hva som kan formidles med den nye kommunikasjonsteknologien. (Vettenranta et al. s.13)
Dette er nokon av dei første orda Vettenranta startar med i artikkelen sin, før han går vidare og skildrar verdensnyheitene som kjem formidlande gjennom, blant anna, fjernsynsapparatet i stova og inn i sjela til dei som lyttar og ser. Dei globale verdsproblema – krigar, hungersnød, epidemiar og ulykker, som vidare kan delast og diskuterast mellom barn og unge i ein kvardagsleg situasjon. «Et slikt utenfrablikk er nødvendig i en dynamisk og flerkulturell verden, der vi hele tiden må forholde oss til nye situasjoner og nye rammer», meiner Vettenranta (s.13). Terje Rassmussen, som Vettenranta skriver om, stiller derimot spørsmålsteikn om det vi ser på fjernsynet, fjernt som det er i tid og rom, kan skape tilstrekkelig empati til at unge mennesker kan føle moralsk ansvar og etisk forpliktelser ovenfor lidende mennesker (ibid s.14).

Personleg meiner eg at vi treng å få kjennskap til det som skjer ute i den store verden. Informasjonen kan til tider vere sjokkerande og skremmande, og sjølv har eg fleire gongar stilt spørsmålsteikn om det verkeleg går ann at der finst slik liding i andre land. Nyheitene om det som skjer ute i verden treng unge å få med seg, dei må få kunnskapar om korleis ting fungerar, og korleis andre folk har det i andre land. Men som Terje Rassmussen seier, der er ei viss fare for at nyheiter om det som skjer ute i verden kan vere for langt frå vår verkelegheit, og kan dermed ende opp med å berre verte bakgrunnsstøy. Fara er der, men det kan også vere fordi vi ikkje er gjort oppmerksame på det som skjer gjennom ein diskusjon/refleksjon med vakse.

Risiko eller mogelegheit.

Er det ein risiko eller ei mogligheit ved dei nye digitale mediane? To polariserte holdningar har prega diskusjonen i mediepedagogikken skriv Vettenranta (s.21). På den eine sida, er det mykje positivt å kome med, IKT opnar for uendelege læringsmogelegheiter som kan bidra til å utvikle barn, stimulere til aktivitet og deltaking, utvikle fantasien og auke sjansen for likeverd i samfunnet. På den andre sida blir IKT sett på som ein risiko for dei unge. Hovudsakleg har dette vore om voldelege og seksualiserte førestillingar, men også om nettavhengighet, aggresivitet, muskelverk på grunn av for mykje bruk og for lite trening (ibid s.21), osv.

Sjølv meiner eg at IKT kan føre mykje godt med seg. Så klart, der er alltid fare for at ein kan kome over både voldelege og mindre kjekke sider på nettet, at ein kan bli avhengig av nettet, risikoen er der. Eg finn ofte meg sjølv i situasjonen der eg for det meste sit framfor PC-en og jobbar store delar av dagen utan mosjon. Eg kan derfor seie meg ein smule einig det ofte blir litt lite trening om dagen, stive musklar og somme tider irritasjon over skrivesperre etter for lang dag med arbeid kan dukke opp innimellom. Men det er også der ein må skape fornuftige og ansvarlege menneskjer som kan gjere gode val. Dessverre fell eg til tider under gruppa med mindre gode val. Men ser ein vekk i frå dette meiner eg der er mykje lærerikt og interessant på nettet. Her finst nettbaserte læreprogram, her finst sosiale nettverk slik at ein kan halde kontakt med venner, nyheiter finn du lett på netter, for å seie det slik, ein kan finne alt. Ein er ikkje lenger avhengig av bøker og telefoner for å skaffe seg den nødvendig informasjonen, ein kan finne dette ved berre nokon enkle tastetrykk. Men det som då er viktig er å stille seg kritisk til den informasjonen ein kjem ut for, ikkje all informasjon er like godt. For at ein skal kunne stille seg kritisk og gjere fornuftige val i livet, treng ein opplæring, støtte og hjelp av vaksne, slik at ein sjølv kan gjere gode val i ein digital kvardag.

Litteratur

Vettenranta, S. (2007) Mot mediedysleksiens tidsalder?. S. Vettenranta (Red.), Mediedanning og mediepedagogikk. Gyldendal Akademisk, Oslo.