Viser innlegg med etiketten DKl102-6 Informasjonskompetanse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DKl102-6 Informasjonskompetanse. Vis alle innlegg

fredag 24. april 2009

Refleksjon kring arbeidet med informasjonskompetanse

No er det ei stund sidan vi har jobba med informasjonskompetanse. Frå har eg gjort øvingsoppgåve 2 i leksjon 2, der eg jobba med netvibesløysinga. Eg oppretta eit dokument i google der eg reflekterte rundt arbeidet med netvibesløysinga og la inn jing skjermklipp for å illustrere litt forskjellig.

Eg syns arbeidet med netvibesløysinga og delemne informasjonskompetanse var veldig spennande. Som eg var inne på i øvingsoppgåva, kan eg sjå mange gode ting ved å opprette og bruke ei slik nettvibesløysing som vi laga i M3. Ein får informasjonen henta til seg på nettsida si. Ein kan legge inn nettsidelenkjer, søkjemonitorar, leksikon osv, og såklart også RSS-lenkjer som ein kan abonnere på:-) Genial løysing syns eg må eg vere ærleg. Sjølv har eg allereie brukt sida som eg oppretta fleire gongar:-).

Ellers kan ikkje eg seie anna enn at arbeidet med delemnet har ført meg eit lite skritt vidare i digital kompetanse, noko som også var meininga tenkjer eg!