søndag 1. februar 2009

Mot mediedysleksiens tidsalder? av Soilikki Vettenranta

Globalisering
Mediekulturen er blitt global. Sattelitter på himmelen og kabler under havet utvider grensene for hva som kan formidles med den nye kommunikasjonsteknologien. (Vettenranta et al. s.13)
Dette er nokon av dei første orda Vettenranta startar med i artikkelen sin, før han går vidare og skildrar verdensnyheitene som kjem formidlande gjennom, blant anna, fjernsynsapparatet i stova og inn i sjela til dei som lyttar og ser. Dei globale verdsproblema – krigar, hungersnød, epidemiar og ulykker, som vidare kan delast og diskuterast mellom barn og unge i ein kvardagsleg situasjon. «Et slikt utenfrablikk er nødvendig i en dynamisk og flerkulturell verden, der vi hele tiden må forholde oss til nye situasjoner og nye rammer», meiner Vettenranta (s.13). Terje Rassmussen, som Vettenranta skriver om, stiller derimot spørsmålsteikn om det vi ser på fjernsynet, fjernt som det er i tid og rom, kan skape tilstrekkelig empati til at unge mennesker kan føle moralsk ansvar og etisk forpliktelser ovenfor lidende mennesker (ibid s.14).

Personleg meiner eg at vi treng å få kjennskap til det som skjer ute i den store verden. Informasjonen kan til tider vere sjokkerande og skremmande, og sjølv har eg fleire gongar stilt spørsmålsteikn om det verkeleg går ann at der finst slik liding i andre land. Nyheitene om det som skjer ute i verden treng unge å få med seg, dei må få kunnskapar om korleis ting fungerar, og korleis andre folk har det i andre land. Men som Terje Rassmussen seier, der er ei viss fare for at nyheiter om det som skjer ute i verden kan vere for langt frå vår verkelegheit, og kan dermed ende opp med å berre verte bakgrunnsstøy. Fara er der, men det kan også vere fordi vi ikkje er gjort oppmerksame på det som skjer gjennom ein diskusjon/refleksjon med vakse.

Risiko eller mogelegheit.

Er det ein risiko eller ei mogligheit ved dei nye digitale mediane? To polariserte holdningar har prega diskusjonen i mediepedagogikken skriv Vettenranta (s.21). På den eine sida, er det mykje positivt å kome med, IKT opnar for uendelege læringsmogelegheiter som kan bidra til å utvikle barn, stimulere til aktivitet og deltaking, utvikle fantasien og auke sjansen for likeverd i samfunnet. På den andre sida blir IKT sett på som ein risiko for dei unge. Hovudsakleg har dette vore om voldelege og seksualiserte førestillingar, men også om nettavhengighet, aggresivitet, muskelverk på grunn av for mykje bruk og for lite trening (ibid s.21), osv.

Sjølv meiner eg at IKT kan føre mykje godt med seg. Så klart, der er alltid fare for at ein kan kome over både voldelege og mindre kjekke sider på nettet, at ein kan bli avhengig av nettet, risikoen er der. Eg finn ofte meg sjølv i situasjonen der eg for det meste sit framfor PC-en og jobbar store delar av dagen utan mosjon. Eg kan derfor seie meg ein smule einig det ofte blir litt lite trening om dagen, stive musklar og somme tider irritasjon over skrivesperre etter for lang dag med arbeid kan dukke opp innimellom. Men det er også der ein må skape fornuftige og ansvarlege menneskjer som kan gjere gode val. Dessverre fell eg til tider under gruppa med mindre gode val. Men ser ein vekk i frå dette meiner eg der er mykje lærerikt og interessant på nettet. Her finst nettbaserte læreprogram, her finst sosiale nettverk slik at ein kan halde kontakt med venner, nyheiter finn du lett på netter, for å seie det slik, ein kan finne alt. Ein er ikkje lenger avhengig av bøker og telefoner for å skaffe seg den nødvendig informasjonen, ein kan finne dette ved berre nokon enkle tastetrykk. Men det som då er viktig er å stille seg kritisk til den informasjonen ein kjem ut for, ikkje all informasjon er like godt. For at ein skal kunne stille seg kritisk og gjere fornuftige val i livet, treng ein opplæring, støtte og hjelp av vaksne, slik at ein sjølv kan gjere gode val i ein digital kvardag.

Litteratur

Vettenranta, S. (2007) Mot mediedysleksiens tidsalder?. S. Vettenranta (Red.), Mediedanning og mediepedagogikk. Gyldendal Akademisk, Oslo.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar