onsdag 21. januar 2009

Det sosiale nettet som læringsarena. Wesch vs. Selwyn

Både Michael Wesch og Neil Selwyn forskar på korleis sosiale nettverk påverkar læringspotensialet i forhold til undervisninga i skulen. Dette er noko eg kjem til å skrive om i denne fagartikkelen.

"The most significant problem with education today is the problem of significance itself. Students - our most important critics - are struggling to find meaning and significance in their education".
(Wesch 2008)

Som Michael Wesch seier over, er det største problemet i dag blant studentar i utdanning, at dei ofte ikkje finn undervisninga meiningsfull for deira utdanning. Etter Wesch si meining er dagens klasserom alt for mykje prega av autoritet, struktur og kontroll, der det er læraren som formidlar kunnskapen til studentane. Utdanninga har vorte ei jakt etter gode karakterar og ikkje etter kunnskapen. Dette viser Wesch ved eksemplar av ofte stilte spørsmål i skulen. Spørsmål som, "Kor mykje må vi skrive?", "Er det obligatorisk oppmøte?", og det Wesch meiner er det verste tenkelege spørsmålet, "Kva må vi kunne til prøva?". Wesch saknar dei gode spørsmåla i klasserommet, spørsmåla som gir drivkrafta til kritisk og kreativ tenking, spørsmåla som tvingar studentane til å tenke igjennom si eiga læring. Som Wesch seier, "The only answer to the best questions is another good question...the best questions send students on rich and meaningful lifelong quests, question after question after question" (ibid).

Vidare meiner Wesch at det finst mykje læringspotensial ved bruk av sosiale nettverk i skulen. Det sosiale nettverket opnar for at alle kan vere deltakande, det er ikkje snakk om ein autoritet som bestem, men at alle kan vere med i læringa. Det er ikkje lenger sjølvsagt at det som blir undervist er det einaste av informasjon, i dag kan ein lettare stille seg kritisk til undervisninga, og sjølve finne ut av læringa. Ein kan også sjølv vere med på å skape informasjon gjennom eit sosialt nettverk. I samhandling med andre kan kunnskapen nå langt. Som Kevin Kelly seier, Nobody is as smart as everybody. Læring handlar ikkje lenger berre om å finne informasjonen ein treng, læring er også å kunne vere kreativ og skapande, og også å kunne sjå den større samanhengen. Ein må finne dei meiningsfulle knaggane, som Wesch seier, To learn is to create.

Neil Selwyn ser også at der finst positive ting ved bruken av det sosiale nettverket, deriblant ved at ein kan finne og halde kontakt med kvarandre over nettet. Men personleg meiner Selwyn at det sosiale nettverket ikkje egnar seg i ein formell læringssituasjon i skulen. Det sosiale nettverket er alt for uformell, og kan då etter Selwyn si meining skape ein læringssituasjon som ikkje gir noko særleg godt utbytte i den formelle læringa. Men sjølv om han ikkje er positiv innstilt på bruken av det sosiale nettverk i skulen, ser han også moglege positive sider. Han kan godt sjå føre seg at studentane i samarbeid med kvarandre over nettet, kan samarbeide, diskutere, veilede og kritisere kvarandre, og dermed auke kunnskapane og føre læringa vidare. Det er her Selwyn ser læringspotensialet. Men om det er slik det fungerar er eit anna spørsmål. Etter Selwyn si meining er skiljet mellom det formelle og det uformelle alt for stort til at ein kan bruke det sosiale nettverket i ein formell situasjon i skulen. Han er redd for at skiljer er for stort slik at det kan gå ut over basisferdigheitene i utdanninga. Vidare meinar Selwyn at ein bør verken tvinge eller nekte studetar adgang og bruk av det sosiale nettverket og dei ulike medier som er å finne, men heller la studentane bestemme dette sjølv og sjå kor det fører dei.

For at det sosiale nettverket skal kunne integrerast i skulekvardagen, meiner Selwyn at det er fleire ting som må forandrast på i skulen for at det kan integrerast i den formelle læringa. Blant anna må lærarrolla endrast, rammevilkåra må endrast og også læreplanen og læringsmåla må jobbast vidare med. Læraren har ei sjølvsagt rolle i skulen, og for at det sosiale nettverket skal kunne fungere på ein god måte, må læraren undervise studentane sine til å bruke nettverket, slik at læringa vert god og trygg blant studentane.

Oppsummering
Både Wesch og Selwyn er opptatt av korleis dei sosiale mediane fungerar i skulekvardagen. Medan Wesch meinar at det sosiale nettverket har ei klar positiv innverknad på læringa, stiller Selwyn seg meir kritisk til bruken av sosiale nettverk i skulen. Etter Selwyn si meining blir bruken av det sosiale nettverket alt for uformell i utdanninga, og kan resultere i manglande basisferdigheiter. Wesch derimot meiner ein bør bryte ut av den formelle situasjonen i klasserommet, og meir opne opp for læring ved bruk av sosiale nettverk. Ein bør bryte ut av den formelle situasjonen, og heller skape situasjonar der studentane sjølve kan ta del i læringa. Ein må få fram dei gode spørsmåla, spørsmåla som skapar ei livslang læring. Internett og bruken av den vil auke motivasjonen og lærelysta til studentane meiner Wesch.

Noko både Selwyn og Wesch er samde om er at det må skje forandringar i skulen. Wesch er inne på at ein må forandre rammefaktorane i skulekvardagen, medan Selwyn meiner det trengs fleire forandringar for å kunne integrere sosiale nettverk i skulen. Han meiner at ein blant anna må endre rolla til læraren, og at læreplanen og måla må jobbast meir med.

Lenker:
Michael Wesch, A Portal to Media Literacy
Michael Wesch, Anti-Teaching
Neil Selwyn, Sosial web og læring
http://www.itu.no/filearchive/neil_selwyn_oslo.pdf
http://www.oecd.org/dataoecd/32/3/39458556.pdf

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar