Denne veka, som eg har nemnt tidlegare, har eg jobba med fagartikkelen som var ein del av den obligatoriske oppgåva til "sosial web" delemnet. Denne oppgåva jobba eg mest med i starten av veka, før eg fekk leverte den 21.01.09.
Etter å ha gjort med ferdig med oppgåva, har eg fått lest igjennom den nye leksjonen som vart lagt ut på mandag om tenkeverktøy ("IKT som kognitiv støtte og verktøy for virtuelt støttende læringsprosesser"). Medan eg gjekk igjennom denne leksjonen, skreiv eg ned notata langs med, som eg har lagra på eit dokument på PC-en min. Eg var også innom dei nettsidene som leksjonen viste til, slik at eg fekk meg eit bilete av kva nettsidene dreia seg om.
Eg synst at denne leksjonen var veldig spennande, fordi der var snakk om fleire program som eg godt kan sjå føre meg at eg kan få bruk for i ein framtidig situasjon som lærar (men såklart må eg utforske programma vidare før eg kan gjere dette:-)). Utanom dette har eg lasta ned både Freemind og Cmap på PC-en min. Men eg har ikkje begynt utforskinga skikkeleg enda, men har vore innom om og sett litt på dei.
Den obligatoriske oppgåva vi fekk til denne leksjonen begynte vi på gruppa så smått med på torsdagen og fredagen då vi hadde samling. Etter desse leksjonane hadde vi fått laga oss eit utkast av oppgåve. Dette utkastet har eg publisert og lagt link til inne på arbeidsmappa mi. På gruppa har vi begynt på eit nytt Mindomokart der vi meir skal fylle ut og utvikle førsteutkastet som vi alt har laga.
Til no er eg veldi fornøgd med studiet og det trur eg at eg fortsatt kjem til å vere når vi nærma oss slutten også;-)
(Nokon morgon tanker før eg startar arbeidsdagen vidare;-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar