Då har eg jobba meg gjennom mappeoppgåva i M1 DKL102. Arbeidet med denne oppgåva har vore veldig interresang synes eg.
I arbeidsprossessen med denne oppgåva var eg ikkje heilt sikker på korleis eg skulle gå fram for å svare på oppgåva. Derfor gjekk oppgåva i lengre tid å kverna i hovudet mitt. Eit lite møte vi hadde i gruppa (DKL102) hjalp litt med arbeidet i å finne ut kva oppgåva dreia seg om, men å sette seg ned der og då og skrive etterpå var ikkje noko enkelt. Eg valde derfor å sette meg inn i leksjonar som vi har hatt tidlegare (hensyn ved publisering blant anna), og las ein del på fagpensumet for å kome fram til noko fornuftigt å skrive.
Eg starta arbeidsprosessen med å lage med eit Freemind kart der eg samla alle tankane mine om oppgåva, og kva eg måtte gjere og tenke over før levering. Inne på dette kartet laga eg enkle notat medan eg jobba med fagpensum. På denne måten vart eg betre kjent med fagstoffet, på same tid som eg då lett fekk samla inn informasjon som eg kunne bruke i oppgåva.
Denne helga har eg derfor brukt til å skrive og jobbe med oppgåva. Eg starta med det lille sum av 6000 ord med notat som eg måtte kutte ned til 1000 ord... Dette var ikkje like lett, men eg enda no opp med den mengda ord oppgåva skulle ha.
Alt i alt synes eg det var veldig spennande og interessant å jobbe med denne oppgåva. Eg måtte heile tida tenke over kva som kunne vere mest relevant i ein samanheng der trygg bruk av nett var temaet. Også i innlegget til foreldremøtet måte eg tenke ein god del, dette var ei erfaring rikare for meg. Så får tida vise om eg kom fram til noko fornuftig i mappeoppgåve 1, dette gjenstår å sjå:-) Uansett så sit eg igjen med fleire kunnskapar enn det eg hadde før eg starta... men dette er nok sikkert også poenget.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar