mandag 26. januar 2009

Arbeid med M1

I dag har eg hatt ein dag der eg hovudsakleg har jobba med M1. Eg starta dagen med å lese igjennom oppgåva, der eg blant anna prøvde å tolke kva oppgåva er ute etter. Etter å ha lest igjennom oppgåva nokon gongar, satte eg meg til med programmet Freemind og laga mej eit elektronisk tankekart. Her laga eg meg ei god oversikt over ulike punkt som bør vere med i oppgåva.

Ut på ettemiddagen møtte vi på gruppa opp ut i Forsnavågen der vi fekk servert kaffe og te og masse kjekt over ein god gammeldags samtale rundt oppgåva (M1). Litt flyt vart det, men kjekt var det også. Fekk snakka litt om oppgåva og korleis vi ser på at oppgåva skal gjerast. Vi fekk samla litt tanka rundt oppgåva og kva som bør vere med. Desse tankane samla vi i eit MINDOMO kart på nettet slik at vi alle har tilgang til det:-)

Etter å ha hatt gruppearbeid, har eg fått fleire idear til oppgåva, som gjer at eg føler meg litt meir klar til å begynne skrivinga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar