Som arbeid til samlinga tordag skulle vi gå igjennom mappeoppgåvene våra og sette ned 3 punkt om kva vi meinte var sterke sider ved mappeoppgåvene og 3 svake(re) punkt om mappeoppgåvene. Dette har eg no jobba meg igjennom. Eg syns det var ganske greit å finne både svake og sterke sider ved dei individuelle oppgåvene, enklast syns eg det var å finne svake sider:-) Men ein har vel ein tendens til å berre sjå dei svake sidene... I gruppeoppgåva var det vanskelegare å finne svake sider, kanskje fordi det var ei gruppeoppgåva? Eg har då iallefall sett ned nokon forbetringspunkt, men også nokon punkt om kva som var bra. Satsar på det er bra slik eg har gjort det.
Arbeidet vidare no blir å fortsette arbeidet med å kome ajour med arbeid som eg ikkje har fått gjort enda. Så dette vil eg no bruke tid på framover mot kvelden:-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar