mandag 20. april 2009

Refleksjon rundt arbeidet med A3

Hmmm... nesten som eg frykta at eg har lagt meg ein dårleg vane:-) God morn til dei som er oppe i desse tidene! Då har eg fått levert arbeidskravsoppgåve 3, og godt var det:-)

Arbeidet med denne oppgåva har vore tidkrevande både på arbeidsmengda før filminga og redigeringa etterpå, men eg må ærleg innrømme at eg har kosa meg med arbeidet:-) Og ikkje minst har eg lært litt meir om korleis filming og filmredigering går føre seg. Var ikkje heilt sikker på korleis eg skulle laste opp filmen til bloggen min, så før ej kom så lagt lasta eg den opp i youtube, deretter ombestemte eg meg, fann dinna fine knappen for opplasting av film på bloggen og gjorde det i staden. Det tok si tid, men det gjor også at eg fekk jobba vidare med refleksjonen:-)

Eg begynte arbeidet for fullt forrige veke, men før då har det gått å kverna mange ulike idear for kva eg ville filme:-) Alt frå trekantdrama til bruksanvisning for korleis skifte dekk, korleis skifte taklampe, til eg tilslutt kom fram til korleis lage sjokoladekake:-) Så tankar rundt kva eg skulle gjere har det vore mange av! Uansett så kom eg meg skikkeleg igang etter at eg hadde verkeleg bestemt meg. Eg begynte med synopsisen, skreiv manus og begynte arbeidet med storyboard. Grunntanken var at eg skulle lage sjokolademuffins i koppar(krus), men eg enda opp med kakeformer forma som hjerter, ganske klisje kom eg fram til etterpå:-) Men men, sånn kan det gå.

Når eg hadde planen klar fekk eg litt hjelp av mine nærmaste, dei holdt kamera innimellom (dei ville ikkje bli filma, så dette måtte eg gjere sjølv). Hadde eg hatt 3 eller 4 hende hadde eg sikkert kunne fått til alt sjølv:-) Filminga tok litt tid, men den kom i boks tilslutt, og joda, kaka smakte godt også:-)

Redigeringa av filmen vart det mest jobba med laurdag og søndag. Kom litt i tvil etter å ha gjort ferdig redigeringa om alle kameravinklane som skulle vere med, verkeleg kom med. Eg meinar at dei er alle med, så satsar eg på det ikkje berre er eg som meinar det:-)

Slutt refleksjonar rundt arbeidet med denne oppgåva er at eg har kosa meg med arbeidet (stressa litt med arbeidet), og lært ein del i arbeidet. Så noko har eg igjen for arbeidet med A3.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar